Johan Kvendset er komen ut i sporet på sitt 23 Birkebeinerløp. Startskotet gikk kl 7.30, og han bruka 59,04 fram til det første passeringspunktet på Skramstad. Birkebeinerrennet går frå Rena til Lillehammer, og turen over fjellet er på 54 km. Johan går i klasse M75, der det er 62 deltakarar. Johan har startnr 820, og dersom du vil kan du følgje med utviklinga i løpet på Birkens resultatservice.
Slik gikk det:
Johan er forlengst komen i mål. Turen over fjellet frå Rena til Lillehammer gikk jamt og trutt, og han kom i mål på Lillehammer på tida 5.01.59. Det er litt svakare tid enn i 2012, men det har nok sin årsak i snøfallet på den siste delen av turen. Men det var god margin med tanke p å makstida for å ta merket som i år var 5.41.37, så no er Birkebeinermerke nr 23 i lomma til Johan. På resultatlista for klasse M75 ser vi at Johan kom på 16. plass av totalt 62 deltakarar. På denne lista finn vi og veteranane Styrkår Brørs på 4. plass, og Jan Gausen på 10. plass. Spreke karra som vi sjølvsagt gratulerer med innsatsen!