Denne veka har det vore stor aktivitet med reparasjon av kyrkjegardsmuren. Det har foregått i regi av soknerådet, og er finasiert med midlar som er kome inn som øremerka gåver til formålet. I dag vart prosjektet ferdigstillt og da var det feiring med blautkake og kaffe – ved kyrkjegardsmuren.
Det er stort press frå store tre som står ved kyrkjegardsmuren og og ikkje minst telen som har øydelagt deler av muren. No er dette retta opp og mura opp igjen på nytt. Dette er tungarbeid, og det er rå handmakt ved hjelp av spett, brekkjarn og slegge som har vore arbeidsreiskapen.