I løpet av ettermiddagen og kvelden har alle bustader i bygda hatt besøk frå innsamlingsaksjonen som i år går til Røde Kors. I morgontimane måndag er det meste kome med i oppteljinga, og da er resultatet for Surnadal kommune kome opp i 302 583 og for heile landet er tilsvarande tal totalt 219 862 424 kroner.
Det gir kr 50,69 pr innbyggjar i gjennomsnitt i kommunen. For Møre og Romsdal er tala på same tid 13,2 mill. som gir kr 49,74. På landsbasis er resultatet på same tidspunkt 42,15 og totalt 219 862 424 kroner.