Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Jo Kåre tok sølvmedalje i VM

Jo Kåre tok sølvmedalje i VM

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mars 2011

Jo Kåre Torvik (50) (Høyem) er fersk sølvmedaljevinnar i Veteran-VM i hopp. For eit par veker sia var han i Harrachov i Tsjekkia, og han kom som sagt heim med ei sølvmedalje og ein 8.-plass. Han deltok i 40- og 70-metersbakken, fortel nettstaden Nabonytt.no i Buvika der han bor i dag.

Nabonytt.no fortel at dette er 17. gong han deltok i veteran-VM, men at det er første gong han har kome på pallplass. Medalja tok han i 40-meterbakken.

Til nettstaden fortel han at treninga foregår i Granåsen, der tysdag- og torsdag kveld, samt helgar er sett av til trening. I byrjinga av april skal Torvik ta del i NM. Der må han nok rekne med å bli stempla som favoritt.

Les meir om saka på nettsataden Nabonytt.no

Først publisert: 27. mars 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 26. mars 2011, 23:15