Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Jervfall på Kårvatn

Jervfall på Kårvatn

Elinor Bolme Tysdag 15. februar 2011

I morgontimane i dag har det vorte skote ein hannjerv 13,3 kilo på Kårvatn. Todalen.no har desverre ingen bilder av jerven, da den allereie er vorte frakta til Surnadal slik at Statens Naturoppsyn får besiktige den.

Dette er den andre jerven som har vore fellt  i området på kort tid, da driva.no meldte om ein som var skote i Vindøladalen på søndag.

På Kårvatn er dette no den andre som har vore felt. Hans Gundersen skaut den første 6. november 2007. Det kan du lesa om her.

Foto: www.miljøstatus.no

Publisert: 15. februar 2011, 11:11