Måndag vart «Skoleløpet 2015» arrangert ved Todalen skule. Alle elevar og vaksne var med. Målet var å samle inn pengar til skulegong for jenter i Nepal. Inntekta frå «Skoleløpet» blir sende til Forut som mellom anna støttar drifta av «Balika Peace Home» ikkje så langt frå Katmandu – her får jenter både ein trygg stad å bu og utdanning. Før løpet hadde elevane sett film om fire jenter som hadde fått ein ny start i livet ved «Balika Peace Home».
Dette er ei viktig sak, og det kan høve å minne om kva nobelprisvinnaren Malala sa da ho mottok Nobels fredspris: «Denne prisen går ikke bare til meg. Den går til alle de glemte barna som ønsker seg utdanning. Da jeg var ti år, ble mitt vakre hjemsted Swatdalen i Pakistan plutselig et sted for terrorisme. Over 400 hundre skoler ble ødelagt. Jenter ble forhindret fra å gå på skole. Utdanning for jenter gikk fra å være en rettighet til å bli en forbrytesle.» Dette er ord til ettertanke, så innsatsen frå elevane går til ei riktig god sak.

Her blir det skrive namn i trimboka. Frå venstre: Markus, Marit, Martin, Ingebrigt, Johan og Edel Thererse. Foto:D.J.H
Dagens løype gjekk frå skulen og opp til Steinarstua der skulen har trimbok. På grunn av valet var det sjølvsagt uvanleg stor trafikk rundt skulen i dag, så dei ynsgte sprang att og fram etter gardsvegen opp til Steinarstua pluss ein runde rundt løa før dei kuta ned til skulen for å notere ny runde. Dei eldste tok heile runden om Pilskaret, nokre tok til og med ein runde Litjrundt. Alle rundar vart noterte, somme hadde heile ti rundar – kjempeinnsats av både store og små. Det var full fart! Valfritt beløp pr runde – foreldra og Talgø sponsar. Vi er spente på resultatet!
Her er nokre fleire bilete frå «Skoleløpet 2015»:

Her er nokre av førsteklassingane. Berre så vidt dei hadde tid for å stoppe opp for fotografen. Frå venstre: Selma, Aleksandra og Markus. Foto:D.J.H.

Klare for ein ny runde! Ungane er godt synlege. Frå venstre Ylva Synnøve, Nils Erik, Markus, Hallvard og Tor Asbjørn. Foto:D.J.H

Registrering og utdeling av startkort før løpet. Anja og Britt er i sekretariatet, medan Ylva Synnøve, Edel Threrese og Nora gjer seg klare til start. Foto:D.J.H