Fredag fyller Jenny Kvendset 100 år – ho er bortreist på dagen, men legg opp til storstila feiring komande laurdag og da er alle som har lyst til å bli med på feiringa velkomne til Todalen ungdomshus. Jenny har planlagt feiringa i lang tid no, og det er hennar høgste ønske at «alle», både slekt og venner, skal få kome til ungdomshuset denne dagen for å ta del i feiringa. Eit anna ønske ho har, er at det skal bli nok mat, og det har vi teke høgde for, smiler barnebarnet Jenny som er med i komiteen.
Jenny dreiv Kvendset Pensjonat i eit par mannsaldrar, og var da vant til å arrangere store selskap. No når ho skal feire 100-årsdag har ho delegert det meste av jobben til yngre krefter i familien, men ho vil ha eit ord med i laget både når det gjeld meny og mengde. Der sitt nok Jenny på spisskompetanse ennå, og vil dermed ha siste ordet. Menyen er sjølvsagt Jennys eiga oppskrift på kjøttsuppe – den har Jenny bruka på mange store lag oppgjennom tida, og veit at den smakar slik ho skal.
Når det gjeld gåvebordet, så er ikkje Jenny så oppteken av det, men ho seier at ho har lite plass til i leilegheita, så det er ikkje plass til noko stort blomsterhav. – Sjokolade og søtsaker er og litt på sida, da ho slit litt med høgt blodsukker. Men kva med eit gåvekort da, hjelper vi ho på veg? Jau da, det kan væra kjekt må ho medgi.
100-årsfesta i Todalen ungdomshus starta laurdag 16. oktober kl. 14, og da er det ingen som er bedt, men alle er altså velkomne til å ta del i feiringa. Jubilanten i lag med familien har planlagt feiringa i heile sommar og haust, og det skal bli både servering og underhaldning, og til og med champagne og fyrverkeri med Terje N. som autorisert pyroteknikkar. Det blir nok mykje folk denne dagen, men det er det teke høgde for. Her har altså Jenny sjølv hatt ein finger med i spelet.
Jenny har forresten starta feiringa tidlegare i sommar. Ho har vore på jubileumstur både til Storlidalen og til Tustna, der ho eigentleg kjem frå og har mykje slektningar.
Men no er det altså 100-årsfesta i ungdomshuset som gjeld, der alle er velkomne til å ta del i feiringa komande laurdag!