Ja, det står det at Jan Vidar er turistguide i Island. Han har sia starten på mai jobba i eit selskap i Island og driv med guiding av turistar på breturar i Vatnajökul nasjonalpark. Det er ein drømmejobb, seier Jan Vidar Øyen, som no er heime ein snartur før han veder til bake til Island, og blir der til oktober.
Jan Vidar har utdanna seg til akkurat slike jobbar, med 2 år i Volda med studier i friluftsliv og eit år i Canada med vidareutdanning i fjellsport og guiding. Dermed har han bakgrunn for å ta med både erfarne og uerfarne folk på tur og skal gje dei ei oppleving og gode turminne. Turistane kjem for det meste frå Europa, men det er få frå Noreg. På ein vanleg dag vinn han ein til to turar på 2-4 timar men han har mykje kontakt med turistane for å gje råd og for å planlegge turane saman med dei. Og så må han kjøre dei ut i terrenget – til startpunktet. Det kan være både enkle og litt meir avanserte turar men uansett så må sikkerheita stå i fokus. Vi skal lede turistane slik at det er trygt og lage turar der det er noko å sjå og oppleve.
Som sagt høyrer området han jobbar i til Vatnajökull nasjonalpark, men han jobbar også i Svinafelljökull og i Solheimajökull. På spørsmål om han ikkje fryktar vulkanutbrot så gliser han, og benektar at det er moko stor bekymring. -Men han legg til at dei som jobbar med dette er innforstått med at det skjer igjen – ein gong i framtida.
På stasjonen bur han saman med mange andre guidar og må ta del i både matlaging og anna huslege syslar når han har tid, så det meste av tida går med til jobbing når han er ute i felten, fortel han. Det er både sosialt og triveleg – og ei stor oppleving var det når alle guidane i området var samla til EM-fotball da England-Island vart sent på TV. Da var det mykje styr og leven i leiren. Det var artig, seier Jan Vidar.
Når han er på jobb bur han på ein plass som heiter Skogar. Det ligg eit par timar sør-aust for Reykjavik eller i Skaftafell som ligg enda litt lengre aust. Når han har fri reiser han ofte til Reykjavik og bur da hos venner eller så slår han rett og slett opp teltet og overnattar der.
No er han heime eit par veker, men snart sett han seg på flyet til Reykjavik, for å fortsette i drømmejobben ute i den islandske naturen…..