No har alle laga i EM spela to kampar, og vi går inn i sluttfasen på gruppespelet. Det er fortsatt 12 kampar igjen av gruppespelet, pluss 15 kampar i sluttspelet. I toppen av Todalen.no sin EM-tippekonkurranse er det særdeles jamnt, og det virkar som om det er ein ny i tet etter kvar kamp. Det er også 14 personar innafor 4 poeng, og 31 innafor 8 poeng. Med andre ord heilt åpent med tanke på at det fortsatt er mogleg å få 81 poeng.
Sluttspelkampane blir lagt til å snart det er heilt klart kven som blir med, det vil seie at åttandedelsfinalene blir lagt til onsdag kveld og du kan tippe på kampane fram til dei startar. Første åttandedelsfinale går lørdag 25. juni.
Så litt avklaringar rundt reglane for poenggivinga. I sluttspelet er det fulltidsresultatet som er gjeldande. Altså, om du trur det ender 1-1 etter 90 minutter, er det det du skal tippe på. Vi bryr oss ikke om ekstraomgangar og straffekonkurransar. Om fleire står med lik poengsum etter at EM er over, er det beste poengsum i finalen som gjeld. Deretter beste poengsum i semifinalane. Om det står likt da er det antallet helt korrekte resultat (3 stjerner) som er avgjørande, og om det da står likt seier vi det blei uavgjort. 🙂
Lykke til med tippinga vidare, vi håpar det engasjerer og kanskje gjer EM enda litt mer spennande.