Jamn J12 kamp
I kveld møttest J12 laga KUST 1 og Surnadal 2 til lokaloppgjer på Bordholmen Stadion. Det vart til slutt ein jamnspela kamp, der KUST leda 5-2 til ca 10 minutt før slutt. Då sette surnadalsjentene inn eit lite ekstragir og fekk inn to reduseringar på tampen, slik at sluttresultatet til slutt vart 5-4.
Målscorarar for KUST var Silje Øyen med 3 mål og Karoline Brøndbo og Anja Bergestuen med kvart sitt.
Mathea Polden fekk frispark, og tok det sjølv.
Dagens dommar var Frikk Hauglann Talgø.
Surnadal scorar, og startar opphentinga.
Ein isande kald vind på Bordholmen i kveld, men litt publikum var det likevel.
Laga takkar for kampen.
Kveldens kioskmannskap fekk fart på bakelsa med graut. Her Ingeborg Myrvang med Fredrikk, og Torill Gjeldnes med Ylva Synnøve. I morgen er det ny kamp, med nytt mannskap. Da er det Søya/Todalen som møter Rindal i klassen J10.