I Romådalen er det lange tradisjonar for hjortjakt – Johan Halle skaut den første hjorten her straks før andre verdskrig – 10. september 1933 skedde det, fortel jaktdagboka til H&H som har Sverre Grønmyr som kjelde. Organisert jakt vart det først i 1954 iflg. den same jaktdagboka. Halle & Husby jaktlag driv no både hjortjakt og elgjakt i Romådalen, og hittil i år er fangsten vorte 3 elgar og 4 hjortar. Kristen Halle, som er jaktsjef på Halle & Husby jaktlag, har sendt oss nokre bilder frå jakta i år .

Jaktlaget bodde på setrene sist helg. Her på Austistusetra – frå venstre Per Kristian Bang, Jan N. Bruset og Nils Ove Bruset. Foto: Kristen Halle
Dei har jakta to helgar i Romådalen hittil i år – den første helga vart det to dagsturar, medan dei siste helg hadde to overnatiingar på «inner setrå», og laurdag foregikk jakta i den innerste delen av Romådalen. Frå Svarten og utover til Rognskogen, og frå Steinhaugen/Slettskrøå og innover til Svarten. Svarten er den delen av Romådalen som er langst inn, når du ser innover dalen frå setrene. Tilsaman er det felt 7 dyr – 3 elgar og 4 hjortar så langt.

Partering av spissbukk som vart skoten langt inni Romådalen. Bildet er frå Austistusetra – frå venstre Ken Marius Pedersen, Nils Ove Bruset, Per Kristian Bang, Brit Grønmyr og Pål Ivar Øyen. Foto: Kristen Halle

Spissbukk – ein plass langt inni Romådalen – Frå venstre Per Kristian Bang, Nils Ove Bruset, Ken Marius Pedersen og Pål Ivar Øyen. Foto: Kristen Halle

Slakting av kronhjort oppi Tydalen. Anders Gjeldnes, Arne Sæther og Tor Kvande. Her vart og den første hjorten skoten i 1933 – det var også ein kronhjort. Foto: Kristen Halle