Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jakt er da vel ein naturleg ting

Jon Olav Ørsal Sundag 28. september 2025

Da vi trefte på Øya jaktlag var dei rundt tjue deltakarar på bålkaffeen på plassen framfor slakteplassen i gardstunet.  Enda var det 4-5 jegrar som var på tur ned frå dagens jakt.  Dagens jaktbytte var ei kolle som vart henta ut med ATV og frakta til slakteplassen.

Samling rundt bålpanna – rundt 20 på sosialt kaffelag – dei fleste hadde vore med til skogs på jakt etter hjort. 4-5 jegrar var enda i skogen da biletet vart teke. Foto Jon Olav Ørsal

Det var både store og småe som først hadde vore til skogs på jakt, og så vart det bålkaffe på bålpanna og etterpå litt grilling – matlysta såg bra ut både hos store og små.  Etterpå vart det slakting, og det var nok interessant, og store auge fulgte med på den prosessen, der dei to hjortane var flådd før dei hamna på kjølerommet.  Ein heilt naturleg prosess såg det ut for, med mange ivrige sjeler. Det blir nok ikkje noko problem med rekruttering på Øya jaktlag med det første.

Godt med ein matbit etter ein lang dag i skogen på hjortjakt. Sigrid grillar seg ei pølse på bålpanna. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 28. september 2025, 14:00