Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ja, vi elskar dette vatnet

Elinor Bolme Torsdag 30. mars 2017

Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon  skjer i år 4. april, då går konfirmantane frå dør til dør og samlar inn pengar som skal gå til det globale arbeidet med å skaffe folk reint vatn og gode sanitærforhold.

Trives i lag med ungdomen

Ola Røe frå Nordvik, er ein av mange frivillige i soknerådsarbeid, og i Stangvik sokneråd har han vore Kirkens Nødhjelp sin kontakt (KN -kontakt) i fleire soknerådsperiodar, så lenge at han nesten er komen ut av rekninga, 10 år i alle fall har det blitt! På spørsmål om kvifor fortsette med dette etter han er gått ut av soknerådet, og er travel pensjonist, svarar han at det er «kjøle artig» å vere i lag med ungdommar! Ikkje minst å oppleve deira engasjement, og at han sjøl føler det er meiningsfullt å vere med på denne innsamlingsaksjonen for folk som lever under heilt andre kår enn oss, der vatnet for mange må berast i fleire kilometer, viss dei i det heile har vatn da!

 

Han har sjølv, i lag med kona Ingrid, på tur i Uganda, opplevd å sjå at hjelpa kjem fram, nemleg at det var brønnar ved vegkanten, der jentene henta vatn i gule kanner! Ofte må dei gå i 40 min kvar veg for å hente vatn! På same turen møtte ekteparet Røe også Stella igjen, ei jente frå Uganda som dei blei kjende med i Norge, og som dei har støtta økonomisk med utdanninga! Det var sterkt og spesielt å møte ho igjen, og høyre ho syngje  » du som metter liten fugl..».

Hugs kontantar

Alle konfirmantar og sjåførar, og KN – kontaktane må før den store innsamlingsdagen møte til orienteringskveld, og då er det Ola som organiserer kjørerutene og sjåførane til konfirmantane i Stangvik. På aksjonsdagen er det ein ivrig Ola som sørgjer for at bøssene er plomberte og som kontrollerer at alt er i orden med navneskilt før konfirmantane blir køyrde til dørene! Ola si erfaring er at alle er positive til å delta i Fasteaksjonen! Han presiserer at det er viktig at innsamlingsaksjonen blir godt publisert, slik at folk kan ordne seg med kontantar! Etter utført oppdrag, blir konfirmantar og kjørarar servert vaflar og kaffe, som takk for innsatsen!

Tekst: Rannveig Brøske

Publisert: 30. mars 2017, 07:25