Robert Ostrowski kom til Todalen frå Polen for snart fire år sia, og har i den perioden jobba både for Talgø Møretre, Talgø Bygg og no i Talgø Tradbo – alle tre er firma i Talgøkonsernet. I Talgø Tradbo har han spesialisert seg på malingsarbeid og tilhørande. Med bopel på Brekkvoll i Brusetmarka trivs han godt i Todalen, men har lyst til å nytte fritida til å starte hobbyfirma med bilpleie – og trur det er ein marknad for slike tenester.

Robert Ostrowski har skaffa seg utstyr til både innvendig og utvendig rehald av campingvogner og bubiler – og tek også på seg rensing av tepper og møblar. Foto Jon Olav Ørsal
No har han starta firma som heiter «J2R Bilpleie», og er så mått komen i gang – utstyr er kjøpt inn og dei første kundane er alt unnagjort. J2R Bilpleie vil tilby sine tenester til reingjering av bilar, campingvogner og bobilar i tillegg til reingjering av tepper, møblar og andre tekstilar. Når det gjelder bilvask så vil det amfatte både innvendig og utvendig vask, samt utvendig polering.
Som sagt trives Robert godt i Todalen, og han gjer seg godt forstått på norsk. Han er lett å kommunisere med og er iherdig for å perfeksjonere det norske språken, sjøl om han tykkjer at todalsdialeta kan være litt anskeleg enkelte gong – for eksempel sykkjå, akjå og nikjå seier han med eit glis.

Etter ein lang og kald vinter trengs det litt reinhald både i bilar, camoingvogner og bubilar, seier Robert Ostrowski.
Har du behov for ein skikkeleg bilvas – enten innvendig eller utvendig, så der det berre å ta kontakt med Robert på telefon 469 04 287, eller epost: info@j2rbilpleie.no – etter kvart kjem nok firmaet på sosiale media, seier Robert.