I ettermiddag har Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen J13 møtt Bergen Nord/Hovding i semifinalen i B-sluttspelet på Ekebergsletta. Tross i stor optimisme og kampvilje vart Bergen Nord/Hovding for sterke i semifinalen, og kampen endte med tap 1-3. Mari Gjul utlignet for STKU like etter pause, men bergensjentene kom sterkt attende og vann fortjent. Men J13-jentene kan være stolte av resultatet dei har oppnådd under Norway Cup og vi er imponert over den store innsatsen og prestasjonane.

Vi vil også rette ein stor takk til Knut Haugen for kjempe god service. Han har sørga for å sende oss stemningsrapportar, resultat og bilder under heile arrangementet. Utan denne tenesta hadde vi ikkje kunna vidareformidla det som har skjedd til lesarane våre. Tusen takk for hjelpa, Knut!
