Tysdag hadde Søya/Todalen J12 kamp mot Surnadal 1 på bordholmen. Begge laga kjempa godt gjennom kampen, men denne gongen vart det Surnadal som trekte det lengste strået og vann mot heimelaget, men fotballjentene var like blide for det.
I pausen tok vi gruppebilde av laget saman med trenar, oppmann og lagledar.
På lagbildet: Framfor keeper Anne Marie. Første rekkje frå venstre: Ane, Kari, Marit Ingeborg, Emma og Ine. 2. rekkje: Alice, Sunniva, Marte, Elise, Lone, Elisa og Thea. Attafor: Trenar Olav Arne Nes, oppmann Johnny Melkild og assistenttrenar Lars Sæther.
Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå kampen. Alle foto: Jon Olav Ørsal