Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
ISPO 2012- der kjentfolk møtes

ISPO 2012- der kjentfolk møtes

Elinor Bolme Tysdag 31. januar 2012

ISPO 2012 i München er verdas største sportmesse og pågår i år frå 29. januar til 1. februar. Her er over 2000 utstillarar og 60 000 besøkande frå over 100 land samla til ein fagleg maraton  innan  fagområda aktiv, utøvande og tradisjonell sport. Også todalingar finn vegen hit kvart år til same tid for å gjera forretrningar. Kårvatn Fjellutstyr AS er i år representert med 3 deltakarar; Gudmund Kårvatn, Kristian Mossing og nyansatte selgar Håkon Veglo.

I ein epost til todalen.no fortel Gudmund at mykje av grunnlaget til neste vinter blir lagt ned i det store messeområdet desse dagane. Her skjer møter med eksisterande leverandører,  møter med dei kundane dei har i Norge og ikkje minst stifting av nye bekjentskap. Så langt har dei hatt god utteling med møta. Der kan det nemnast ei fin og sunn auke i kundemassen og ikkje minst veldig god respons på kva Kårvatn Fjellutstyr AS kan tilby det norske markedet.

 

Her er det Kristian Mossing som vurderer kommande ultralette modellar frå Ski Trab. 

 I tillegg er det på slike messer veldig viktig som butikk å halde seg oppdatert på kva som skjer til neste år, slik at rette varer kjem inn til butikken på Kårvatn også. Og ifølge Gudmund føler dei seg godt forberedt da dei har sterke merkevarer som er leiande i utviklinga, som Ski Trab, Sir Joseph og Contour på engros sida.

Messeområdet består av 16 hallar, der kvar hall er på 14 fotballbanar. Altså eit areal på litt over 1 000 000 m2. Gå hit  for å sjå ISPO 2012 si eiga nettside. Kårvatn Fjellutstyr AS si side finn du her.

Her er det møte hos standen til Sir Joseph, Kårvatn Fjellutstyr sin duleverandør.

Først publisert: 31. januar 2012, 20:48 - Sist oppdatert: 1. februar 2012, 23:25