I går kveld og i natt har det pakka seg opp med is og snø i elva ved hengebrua. Regn og mildvêr måndag gjorde at is og snø har lagt seg opp frå Engavet og oppover til hengebrua og til Heggøyan. I morgontimane i dag rann det over elvløpet og etter dyrkamarka utover Hallanesset.
HalleDet er meldt meir regn utover veka, men det meste av is og snø i elva ovafor hengebrua er nok samla i denne proppen. Men denne proppen kan nok løsne og da vil nok isfåra fortsette på si ferd nedover bygda. Frå Lillian Halle har vi fått bilder som er tekne i morgontimane tysdag frå området rundt hengebrua.
Oppdatert: Isproppen ligg framleis – men mindre vassføring
Kristen bruset har sendt oss ein e-post med nokre bilder frå isforra, han skriv:
«Nokre bilete av isproppen. Isforra kom med bulder og brak i går kveld. No i kveld har vassnivået minka frå i dag tidleg, og det renn ikkje lenger på dyrkajorda på Halasida. Isproppen står fremdeles frå Nessabakkan til Endavadhølen»
Her legg eit galleri med bilda som Kristen har sendt oss. Alle foto Kristen Bruset