Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Isak sikra seg både seieren og ny rekord – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. juni 2025

Isak Drøpping var først ute frå starten, og han heldt den posisjonen heilt til mål under mosjonsløpet Dammen Opp 2025.  Han forbedra løyperekorden med 33 sekund, frå 14:30 til !3:57 og var suverent først i mål framfor Håvard Gjeldnes som vart nr 2 og Brynjar Heggelund Grave som sikra seg 3. plassen.  I dameklassen var det Lisabeth Sæterbø som fikk beste tid på 18:17.

Frå venstre Brynjat Heggelund Grave (nr 3), Isak Drøpping (Nr 1) og Håvard Gjeldnes (nr 2). Isak fikk både beste tid og ny løyperekord med tida 13:57

Det er tydeleg at Isak er i form etter ein travel skisesong med randonee, med deltaking både nasjonalt og internasjonalt som landslagsutøvar for Trollheimen Fjellsportklubb.  I dag vart det klart at Erik Kårvatn, kjem til å representere klubben som landslagsdeltakar og med OL-satsing på programmet.  Det også overraske om ikkje Isak fortsetter vidare på juniorlandslaget til neste år. Hverken Erik Kårvatn eller Aron Rodal Haugen deltok på Dammen opp i dag, da dei held på og avsluttar skuleåret på Meråker. 

Trimklassen med full fart ut frå mål. Foto Jon Olav Ørsal

Alle deltakerne – feststemning etter målgang – foto Vigdis Rodal

Samleg etter målgang – Dammen Opp 2025 – foto Vigdis Rodal

Her kan du laste ned komplett resultatliste frå Dammen Opp 2025  Dammen Opp 2025 (vår)

Galleri frå Dammen Opp  – alle foto Vigdis Roal og Jon Olav Ørsal

Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no

Først publisert: 5. juni 2025, 20:11 - Sist oppdatert: 6. juni 2025, 06:59