Isak Drøpping deltek denne helga i junior-VM i Skyrunning i Italia. Isak representerer Trollheimen fjellsportklubb, og er i Fonte Cerreto i Italia saman med ei gruppe på 18 løparar som er uttekne til å ta del i junior-VM i Noregs fargar. I dag var det vertikal (rettare sagt motbakkeløp) som stod på programmet i den sterke varmen. Her var det ingen som kunne slå spanjolen Biel Sagues Roviva som kom i mål på 37,30 – Isak kom på 6.-plass på tida 42,57 altså + 5,28. Det er eit resultat som han bør være nøgd med i varmen som no rår i Italia.
Løpet som går opp mot toppen på Garn Sasso er på 3,8 km og har ein høgdeforskjell på 1044 høgdemeter frå start til mål. Totalt er det godt over 200 deltakarar frå 30 nasjonar i dette junior-VM i dei italienske alpane. Løpet blir ei skikkeleg oppkjøring til Kårvatn Skyrace 2025 som går av stabelen laurdag 16. august, der Trollheimen fjellsportklubb er arrangør og Isak er ein av favorittane.
Laurdag er det fridag og kviledag, men søndag er det på’n igjen for Isak, med Skyrace i det same området – her er løypa 9 km og har ein høgdeforskjell på 850 meter frå start til mål.

Resultatlista I dag vart det 6.-plass på Isak – flott innsats av landslagsløparen frå Trollheimen fejllsportklubb.
Trollheimen fjellsportklubb er medlem i Todalen.no