Om nokre dagar går påmeldingsfristen ut for Kårvatn Skyrace 2024. Der vil vi nok finne Isak Drøpping på startlista i juniorklassen. No har det vore ferietid, men den siste tida har Isak vore diskenspringar på Kårvatn Fjellutstyr – da er vegen kort til treningsturar i løypene i Dalalia.
Det må da være eit godt utgangspunkt i seg sjølv, medan dagane går med ekspedering av kundar, pakkinga av ordrar og sending av varer rundt omkring i inn- og utland. Isak er litt nysgjerrig på nye ting og får lære mykje her – har no eigentleg ganske god kjennskap til utstyr som blir bruka både til skyrun og randonée, men får stadig lære nytt, og det er artig.
Neste helg, når det arrangerast Kårvatn Skyrace, skal vi på juniorlandslaget ha treningssamling her. Da blir løpet ein del av treningssamlinga for oss 8 på landslaget. Isak gler seg til å treffe resten av gjengen no når ferien er unnagjort.
Men det er knytt litt spenning til Kårvatn Skyrace, men Isak håper det er ein fordel å kjenne løypa bra (juniorane skal bruk 15 km-løypa). Det gjekk veldig bra under VM, så målet er å klare ein klasseseier. «Så spørs det på Aron da sju – han er også ein god løpar og sterk konkurrent, samtidig som han er ein god kompis og treningskamerat», seier Isak til slutt. Spenning blir det iallfall den 17. august!