No blir det advent før vi veit ordet av det, og dermed sesong for å opne luker på adventskalderen. Fredag kveld kjem Isak, som er 9 år, på døra for å selge adventskalendere for Alpingruppa i Surnadal I.L, og han har hyra inn mor Ingvild som sjåfør og hjelpar. Han har fått Todalen som distrikt og 50 kalendere til disposisjon.
Som sagt går inntekta til alpingruppa og det det blir trekt tilsaman 50 gevinstar fram til jul – 24. desember kan du opne den siste luka. Julekalenderen kan kjøpast for kr 75 , men kjøper du 3 så får du dei for kr 150,- for alle. Vil du bestille kalender på førehand kan du sende SMS til 920 94 273, så kjem isak og Ingvild og leverer på døra.