Nok ein 17. mai er på hell, og mange har kanskje trappa ned feiringa. Vi har sett saman eit bildegalleri frå dagens andre arrangement i Todalen, som startar med gudstjeneste, kransnedleggelse, tog og til slutt ein matbit og tale for dagen i Todalen skule.
Vêrguden held fred, og toget fekk gå i opphaldsver og nesten blå himmel frå Todalen kyrkje til skulen. I år hadde dei lokale musikarane fått assistanse frå Surnadal hornmusikk, noko som sette ein ekstra spiss på togturen.
I skulen venta 17. maikomiteen med rykande varm sodd og kaffe. Også her møtte bygdafolket mannsterke opp, og ekstra bord og stolar måtte setjast inn for å få plass til alle som ville inn. Ungdommane i kioskavdelinga fekk fart på både is og brussalget før det bars ut på skuleplassen med leikar i ulike variantar.
Under er eit bildegalleri frå dagen. Nesten alle foto ElinorB