Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Irish Greensome laurdag 20. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. juli 2024

Laurdag 20. juli klokka 11:00 inviterer Surnadal Golfklubb til parturneringa NordHus Irish Greensome på Surnadal golfpark på Mo. Dette er aller første gong Surnadal Golfklubb arrangerer turnering etter spelforma Irish Greensome.

I spelforma Irish Greensome slår båe spelarane ut frå utslagsområd. På hull med par 4 slår båe spelarane eit slag til, men på partnaren sin ball. Deretter veljer laga kva for ein ball dei vil spele videre med. Den av spelarane som ikkje eig ballen slår slag numer tre, og vidare annakvart slag på felles ball til laget hullar ut.

Etter turneringa serverer NorHus grillmat til alle deltakarane! 

Påmelding til NordHus Irish Greensome i Golfbox på vanleg måte, innan torsdag 18. juli.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 10. juli 2024, 15:10