Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterte til ope atelier på Nytrøa

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juli 2024

Midt i gardstunet på Nytrøa – midt i mellom fjøset og våningshuset har Elisabet Marie Aas bygd seg målarverkstad. Elisabeth er egentleg godt etablert som billedkunstnar, for ho har halde på med dette heilt sia slutten av 1990-talet.  Ho hadde faktisk si aller første utstilling her i Todalen, der ho stort sett presenterte motiv frå Todalen – utstillinga kalla ho «Todalen i mitt hjerte»

Elisabeth Marie Aas på plass i verkstaden sin på Nytrøa. Søndag er det ope hus frå 14 – 17. Foto Jon Olav Ørsal

Sia den gongen har ho drive galleri i Trondheim i perioden 1999 – 2015. – Sia 2015 har det vore mindre aktivitet, men aldri heilt stopp. No bles altså Elisabeth nytt liv i dette arbeidet, og satsar på å ha atelier og arbeidsplassen sin her på Nytrøa. Det er i det høvet at ho inviterer til ope atelier her på Nytrøa laurdag 20. og søndag 21. juli – båe dagane frå 14-17.  Da kan du kome til atelieret og sjå kvar ho held på, samtidig som du får sjå ein del maleri som ho har ferdig.  

her er Elisabeth saman med mannen Per utafor verkstaden på Nytrøa. Foto Jon Olav Ørsal

Om du ikkje har høve til å kome no, så kan du berre ta kontakt og avtale tid på eit seinare tidsppunkt. Ho er forresten godt nøgd med responsen, og har solgt fleire maleri før ho er komen ordenleg i gang.  Stikk innom – søndag er det ope frå 14 – 17!

Publisert: 20. juli 2024, 18:00