Tysdag inviterte omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening alle godt vaksne sambygdingar til lunch, og jammen samla dei eit stort trettital rundt lunchbordet i Sanitetshuset. Dette er ei påskjønning og tildeling av velferdsmidlar frå NKS sentralt, og er tenkt for at eldre skal kome seg ut og være sosiale. Eller rett og slett for å sjå andre ansikt enn ein ser til dagleg, som Maren sa da ho ønska gjestane velkomne til bords til eit hyggeleg måltid.
Jorun Ørsal som er leiar i omsorgsberedskapsgruppa fortel at dei legg vekt på å servere sunn og god mat – rett og slett solid husmannskost. Saniteten kjem nok til å ha fleire slike arrangement, både middag og lunchservering. Alt 14. juni inviteres alle interesserte til servering av grillmat i samband med halvårsavslutninga i Todalen Sanitetsforening – og gjestane vart oppfordra til å kome att da.
Samtidig presenterte Maren årets kunstlotteri i sanitetens regi – eit måleri med tittelen «Håp for fred», som er laga av lokal kunstnar Tanja Heggem Grimsmo frå Bøfjorden. Gjestane vart oppfordra til å kjøpe lodd på det flotte maleriet, der inntekta går til drift av Todalen sanitetsforening.