Måndag var det celebert besøk i Kaffekroken – vi dumpa midt oppi møte mellom kommuneadministrasjon – les kommunalsjef Karin Halle, ordførar Lilly Gunn Nyheim, rådmann Knut Haugen og handelsmannen sjølv, Terje Nordvik. På spøkefullt vis spurte vi om dei var i Todalen for å hente inspirasjon til kveldens skuledebatt i kommunestyret, men det benekta dei…..
Vi har inviterte oss på besøk, sjølve, fortalte Karin. Ein gong i blant reiser dei ut på besøk til både store og små bedrifter, for å høyre litt om drifta og korleis det går – og for å få tilbakemelding om det er noko kommunen kan bidra med. Denne dagen hadde dei først vore på besøk hos Joker Kvanne, før dei kom til Matkroken.

Brillefin! Ifølge ordførar Lilly Gunn er dette det første bildet som presenteres i media av rådmann Knut Haugen med briller. Foto: Jon Olav Ørsal
På spørsmål om det er noko optimisme å spore i handelsnæringa og spesielt utkantbutikkane, så har dei fått inntrykk av at det er mange utfordringar for ein liten utkantbutikk. – det krev ein stor innsats av innehavar og tilsette for å få det til å gå i rundt. Mellom anna fell disse småbutikkane utafor når det gjeld mange slags innkjøpssamarbeid, og betaler høg pris for varene.
Det viktigaste med tanke på å oppretthalde utkantbutikkane er nok til sjuande og sist at ein har ein kjøpetru kundekrets, som handlar daglegvarene lokalt. Det blir på ein måte hjelp til sjølvhjelp. – Der trur eg vi er ganske heldig, seier Terje som trur han har rund 60-70 % av daglegvarehandelen i Todalen. Når vi da er gjeldfri og har bra butikklokaler så går det da rundt på eit vis. med tanke på framtida så er det nok litt tvil å spore både hos handelmannen og gjestane frå kommunesentret. Terje seier at han vil stå på så lenge helsa held, men kva som skjer etter det er uvisst – men det blir vel alltids ei råd, trur han.