Sist fredag arrangerte vi ved skulen i Todalen Ti-kaffe. Elevane hadde invitert familie og andre interesserte til kaffelag. Det kom riktig mange gjester, og det vart ei riktig triveleg føremiddagsstund. Elevane hadde øvd inn program – litt nytt, og noko var reprise frå førjulskvelden. Aktørane på scena var entusiastiske, og gjestene i salen kosa seg med det dei såg og høyrde!
Elevane i sjette og sjuande klasse hadde laga kaffebrød: skuffkaker, bakels og sveler – alt smaka tydelegvis godt – det var lite att da serveringa var slutt! Gjestene fekk så omvisning rundt på skulen – mange tidlegare elevar syntest dette var riktig interessant! Ti-kaffen vart riktig vellukka – takk til trivelege gjester og takk til flinke elevar!
Bildegalleri fra arrangementet i Todalen oppvekstsenter sist fredag. Alle foto: Dordi Jorunn Halle