Todalen idrettslag inviterte i utgangspunktet heile bygda til Bordholmen på utefrukost – det brukar å være fint når vêrgudane spelar på lag. Men i år varsla nok yr.no på eit tidleg tidspunkt at det nok var lurt å flytte frukostarrangementet innomhus. Dermed vart det rigga til frukostlag under tak i Todalen Ungdomshus. 17.-frukosten brukar å ha stor oppslutning, og det var det også i år – leiar i Todalen I.L. Elinor Bolme var godt nøgd med at 90 gjestar stilte opp på frukostarrangementet
Programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen var romsleg i år, og folk hadde god tid og kosa seg under måltidet. Det er nok eit behov for å treffe både naboen og venner på slike daga, og kanskje også folk som du ikkje ser så ofte. Bolme seier idrettslaget har god oppslutning om slike arrangement og at «alle» er medlem i idrettslaget viser at dei er med og støttar opp.
I Ungdomshuset var det det på ein fin frukostbuffe i matsalen, og arrangøren fylte på meir etter kvart som brød, pålegg og drikkevarer gjekk unna. Neste post på programmet i årets feiring er gudsteneste i Todalen kyrkje – den starta kl 14:00 med torbjørn Brøske som liturg. Etter Godstenesta er det folketog vidare til Bordholmen.