Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterte alle vaksne todalingar heim på lunsj

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mai 2025

Todalen sanitetsforening har mange jarn i elden – i dag promoterte dei seg på beredskapsdagen på Skei, medan andre stod på med lunsjservering i Sanitetshuset.  Dei hadde invitert heim den vaksne garde i todalen og dermed vart det nærare førti personar rundt bordet i dei nyoppussa lokala i Sanitetshuset. 

Saniteten har fått øremerka midlar frå sentralt hald, og desse skulle brukast til å lage ein sosial samankomst med traktering for den eldre garde.  Da slo dei to fluer i ein smekk, og fekk vist fram dei nyoppusse møtelokala, der det og var kome nye møblar på plass.  Det har vorte lyse og trivelege lokalar som no er møblert slik at dei fungerer godt både til eine aktivitetar og til utleie til andre brukarar.  

Benka rundt langbordet og klare til lunsjservering i det nyoppussa sanitetshuset. Foto Jon Olav Ørsal

Leiar i Saniteten, Solveig Glærum, hadde kjøpt inn ei stor marsipankake med «Takk for hjelpen» til alle som har delteke på dugnad i samband med oppussinga.  John Moe og Magne Søyset fikk æra å sprette blautkake for jobben med oppussing av kjøkenet til slutt i prosessen.  Men kaka var ment som ei påskjønning til alle som har hjelpt til på kvar sin måte. 

Mykje godt på bordet – frå venstre rundt boret: Ragnar Halle, Anders Halset, Ståle Ansnes og Leif Egil Tørset. Foto Jon Olav Ørsal

Elles presenterte Solveig årets kunstlotteri – det er i år 3 små kunstverk av Hilde Karlsen som er hovudgevinstane som skal trekkjast kvar for seg.  Dersom du vi kjøpe lodd så kan du gjera det via Vipps nr 101456 – prisen pr lodd er kr 20,00.  Er du heldig så blir du trekt ut, og får eit kunstverk på veggen.  Trekninga skjer på årsmøtet ein gong på nyåret.  

Solveig Glærum er leiar i Todalen Sanitetsforening. Foto Jon Olav Ørsal

Rundt bordet frå venstre: Anders Halset, Ragnar Halle, Nils Gjeldnes, Ståle Ansnes, Leif Egil Tørset og Magne Søyset. Foto Jon Olav Ørsal

Takk til alle som har delteke i dugnaden under oppussinga på kvar sin måte. Foto Jon Olav Ørsal

Dei tre hovudgevinstane i årets kunstlotteri . Årets kunstnar er Hilde Karlsen

 

Publisert: 27. mai 2025, 18:00