Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer ungdommane til gratiskonsert

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. september 2025

I år fyller SpareBank 1 Nordmøre 190 år, eit jubileum som allereie har vore markert gjennom fleire arrangement dette året. No er det ungdommane sin tur til å vere med på feiringa, kunne Liv Dalsegg og Arne Berset fortelje under eit pressetreff på Øye onsdag formiddag.

Onsdag 17. september klokka 19:00 inviterer SpareBank 1 Nordmøre til gratiskonsert i Storstuå på Surnadal kulturhus der det blir konsert med Lille Caesar (Adam Gryting) og Nora Legrand. Nora har tidlegare vore med i The Voice. Dørene opnar klokka 18:30. 

– Vi håper ungdommane møter opp og fyller Storstuå på kulturhuset onsdag 17. september. Det er plass til 300 i Storstuå, så det kan vere lurt å sikre seg billettar allereie no, fortel Dalsegg og Berset. Billettar kan bestillast her!

På pressetreffet møtte vi fem unge damer frå åttande trinn, som alle fem allereie hadde skaffa seg billettar. – Det er Lille Caesar vi gler oss mest til, sa dei fem unge damene.

 Torsdag 18. september inviterer SpareBank 1 Nordmøre til same konsert på Kulturfabrikken i Kristiansund torsdag.

Først publisert: 4. september 2025, 05:00 - Sist oppdatert: 3. september 2025, 21:25