Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Trivselkveld» på hotellet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. november 2023
For å skape litt lys i novembemørkret, inviterer Surnadal Pensjonistlag til
«Trivselskveld» på hotellet 15. november klokka 19:00! – Dette byrjar bli ein tradisjon, fortel Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag. 
 
Det blir servert heilstekt ytrefilet av kalv, stappe av søtpoter, sylta reddik, stekte grønne bønner og calvadossaus. Til dessert blir det servert creme brulee med bringebærsorbet og kaffe.
 
Etter mat og desserten flyttar dei seg til «Gladlaksen», der Trond Larsens trio spelar opp til dans.
 
Dette blir bra, seier ein entusiastisk Kristian!
 
Prisen er kroner 350,- per persson for medlemmar, og kroner 425,- for dei som ikkje er medlemmar i pensjonistlaget.
 
Påmelding til Ragnhild på telefon 934 22 961 eller Bitten på telefon 926 11 826 innan måndag 6. november. 
 
Surnadal Pensjonistlag ønsker vel møtt til ein triveleg kveld!
 
 

Medlem i Todalen.no –


 
Først publisert: 3. november 2023, 09:30 - Sist oppdatert: 2. november 2023, 17:45