Nordvik Grendalag ved 17. mai-komiteen inviterer til tradisjonell nasjonaldagsfeiring i Nordvik forsamlingshus 17. mai klokka 15:00. Her blir det sodd, tale for dagen, leikar for ungane og kaffe og kaker.
Programmet for nasjonaldagsfeiringa på Nordvik startar altså i forsamlingshuset klokka 15:00, der det blir servert sodd og pølser. Her blir det også tale for dagen.
Rundt klokka 16:30 blir det leikar og loddsal på og rundt leikeplassen på Øygarden.
Klokka 17:30 blir det kaffe og kaker i forsamlingshust.
Komiteen ønsker velkommen til ei trivelig feiring av nasjonaldagen på Nordvik!