Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «songkveld»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. oktober 2023

Todalen sanitetsforening og «Inn på tunet»-damene Helga og Solveig inviterer til «songkveld» i eldhuset i Oppistua på Øye måndag 23. oktober klokka 19:00. Så er du glad i å synge, og meiner vi skulle songe meir saman? Da er Oppistua på Øye rette staden å ta turen på måndag!

I samarbeid med Todalen Sanitetsforening, ønsker Helga Bele og Solveig Haglund å invitere til ein uformell «songkveld» med enkel servering.

Tanken bak, er at det er mykje god helse i å kome saman for å synge litt. Dei vil spesielt invitere dei som har demens sjukdom/kognitiv svikt. Ein kan kome åleine eller ta med seg ein ven, ektefelle, slektning, nabo eller kollega. Arrangementet er gratis.

Trenger ein skyss til «songkvelden», så ta kontakt med Solveig på telefon 997 22 268 eller Helga på telefon 404 76 087, så ser dei om dei finn ei løysing!

Songkveld 25. oktober klokka 19.00

Todalen sanitetsforening, Helga og Solvieg ønsker velkommen til «songkveld» i Oppistua!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 16. oktober 2023, 14:38 - Sist oppdatert: 17. oktober 2023, 06:53