Det blir nok reine feittysdagen når omsogsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterer «eldre» todalingar til middag tysdag 8. mars kl 13. Og menyen er slett inga hemmelegheit for det startar med ertersuppe til forrett og fortsett med saltkjøtt og kålrabistappe og rundar av med kaffe og kake, fortel Karen Johanne Talgø og Jorunn Ørsal som står i bresjen for tiltaket.
Og dei fortel at dette blir ingen ny «eldremiddag» med fast opplegg, men rett og slett eit positivt og sosialt tiltak for at folk skal treffast og da er det heller ikkje dumt å ha noko godt på menyen. Prisen for å delta på dette er ein 100-lapp og sanitetsdamene vil ha påmelding innan 4. mars. SMS eller telefon til Jorun Gislaug Ørsal på tlf 913 37 168 eller til Karen Johanne Talgø på tlfnr 94278914. Her kan du laste ned plakaten.