Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «støkkjakt» på rype

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. oktober 2024

Som eit ledd i jakt- og fiskeskule satsinga til Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) inviterer dei søndag 20. oktober klokka 08:00 – 16:00 ungdommar i alderen 14 – 18 år til «støkkjakt» på rype med instruktørar på Fauskåfjellet. 

Ta med tursekk med sitteunderlag, god matpakke, drikke, vindtett jakke, ekstra ullgenser, lue, vottar og stødige sko. 

Det er plass til maks 8 deltakarar. Dei som har fylt 16 år og som deltek med eige våpen må kjøpe jaktkort av grunneigarane på førehand. SJFF kan hjelpe til med å få gjort dette på jaktdagen. Dagskvota er ein fugl per dag. 

Pris for å vere med på Støkkjakt er gratis for medlemmer i SJFF og kroner 30,- for dei som ikkje er medlemmer. 

Påmelding til Heidi Walle Reiten på telefon 995 55 691 eller e-post heidiwallereiten@gmail.com innan 10. oktober. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 1. oktober 2024, 06:00 - Sist oppdatert: 13. oktober 2024, 20:03