Stangvik Grendalag inviterer til «påskepub» i Bryå i Bondehuset i Stangvik laurdag 23. mars frå klokka 18:00. Det blir sal av snacks og leskande drikke, da arrangementet har alle rettigheiter. Det er 18 års aldersgrense for å kome inn på «påskepuben».
Bryå i Bondehuset har det siste året fått ei lita oppgradering, ved at arealet er utvida og har blitt større og det er bygd ein heilt ny bar.
Stangvik Grendalag håper at stangvikgardingar, hyttefolk og andre Stangvikvener tek turen til Bryå for ein hyggeleg og sosial start på påska!
Stangvik Grendalag ønsker velkommen til «påskepub» i Bryå!