Surnadal Demensforening og Helselag inviterer onsdag 20. september klokka 19:00 til ope møte i Frivilligsentralen sine lokaler på Skei. Da får dei nemleg besøk av Anna Marie og Karl Laugsand.
Anna Marie Laugsand er spesialsjukepleiar i demensomsort, og har motteke fleire prisar for sitt arbeid. For to år sidan fekk ho sjølv ein demensdiagnose, berre 59 år gamal. Ho fortel , saman med ektemannen Karl Laugsand, si gripande historie om korleis livet brått vart kasta heilt rundt. Dei vil gje eit innblikk i korleis, dei saman, handterer det nye livet med demens.
Det er gratis inngang, servering av kaffe og kake og utlodning!