Surnadal Frivilligsentral inviterer til onsdagskafe i Frivilligsentralen sine lokalar på Skei onsdag 7. juni frå klokka 15:00 – 18:00. – Dess fleire me er saman, dess trivlegare blir det! – Ta med deg naboen, vener, nokre slektningar og elles andre du finn på vegen!, er oppfordringa frå Frivilligsentralen.
Det blir enkel servering.
Dei som ønsker det, får avslutningsvis bli med på ein spasertur, så dei som vil vere med på spaserturen må ta med godt fottøy!
Frivilligsentralen ønsker alle velkommen til onsdagskafe!