Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til medlemsmøte onsdag 26. mars klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.
Med bakgrunn i at ein stadig vekk blir minna på kor viktig det er med beredskap, både offentlig og privat, har dei denne gongen invitert Råg Ranes frå Surnadal kommune, for å orientere litt om temaet.
Elles blir det, som alltid, loddsal og kaffe og noko å bite i. Kanskje blir det også litt allsong?
Pensjonistforbundet Surnadal ønsker hjarteleg velkommen til medlemsmøte!