Måndag 8. mai klokka 18:00 inviterer Nordmøre Forsvarsforening, kulturavdelinga i Surnadal kommune og krigshistoriske museet på Åsen til markering av Frigjerings- og veterandagen. Det blir utstilling og foredrag på kulturhuset på Skei. Helge Husby, frå Tingvoll, kjem og held foredrag om «Slaget om Gratangen», som han har skrive bok om.
Husby har i boka si teke for seg skjebnen til Trønderbataljonen, der ein tredel av styrken var fr Nordmøre og to tredeler var frå Trøndelag. Mange av Nordmøringane kom frå Surnadal og Rindal.
– Jeg tar spesielt for meg soldatene fra de stedene jeg holder foredrag og viser fram de bilder jeg har av dem, seier Husby.
Boka var trykt i tusen eksemplar, men stor etterspørsel gjer at Husby no er i gang med trykking av nytt opplag. Han har også hatt stort oppmøte på sine foredrag om «Slaget om Gratangen».
– Det er viktig å ikke glemme hvorfor nordmenn kjempet under andre verdenskrig, seier Husby.
Han seier han sjølv ikkje er spesielt oppteken av krigshistorie, men meir oppteken av personane som var med i Trønderbataljonen.
Effektane som blir stilt ut under utsillinga tilhøyrer dei private samlingane til Petter Forberg og Jo Inge Øverland.
– Det er viktig å aldri gløyme vår nære fortid, og da spesielt historia frå 2. verdenskrig, ein krig som tok livet av mange millionar, både soldatar og sivile, seier nestleiar i NFF Jo Inge Øverland.
– Krigen i Ukraina viser at fred er noko ein må arbeide for å oppnå, og den kjem ikkje av seg sjølv, legg han til.
Han håper både unge og gamle tek turen til kulturhuset for å vere med på markeringa måndag den 8. mai.
Thon Hotel Surnadal vil selje kaffe og noko å bite i under heile arrangementet.
Arrangørane ønsker velkommen til markering av Frigjerings- og veterandagen 2023!