Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Lauvfall» 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. august 2024

I samband med at Surnadal kunstforening inviterer til den juryerte kunstutstillinga «Laufall» 21. september til 5. oktober i Galleri Finstuå på Surnadal kullturhus, inviterer dei no kunstnarar til å sende inn bidrag til årets «Lauvfall» 2024. 

Frist for å sende inn bidrag er 20. august. Innsendinga gjer ein digitalt til surnadal.kunstforening@gmail.com. Send bildefilar av arbeida dine, maksimalt tre, saman med opplysninger om teknikk, storleik og tittel.

Det er inga påmeldingsavgift. 

Etter juryeringa, får kunstnerne melding om dei er antatt eller ikkje.

ARBEIDSSTIPEND:
Arbeidsstipend på kroner 5.000 blir tildelt ein kunstnar, og det er juryen som bestemmer kven som får tildelinga.

Sjølve utstillingen «Laufall» 2024 opnar dørene laurdag 21. september på i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus, og held ope fram til og med laurdag 5. oktober. 

-Dette blir spennende, vi gleder oss!, heiter det i invitasjonen frå Surnadal kunstforening. 

Dette er den femtande utgåva av «Laufall» sidan 2002. Dei siste åra har utstillinga vore arrangert anna kvart år. 

Plakat påmelding «Lauvfall» 2024

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. august 2024, 12:37