Tysdag 2. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing.
Etterpå er det frukt til alle og litt sosialt samvær. Idrettslaget håper også mange vil prøve sjakk og shuffleboard, som er nye aktivitetar i det nye nærmiljøanlegget.
Det blir også lagseriestemne på Bordholmen stadion tysdag 16. september klokka 18:00.
Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen på lagseriestemne!