Laurdag 21. september klokka 15:00 inviterer Surnadal kunstforening til opninga av utstillinga «Lauvfall» 2024 i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Dette er ei juryert utstilling, og juryen har i år teke inn 18 utstillarar. Utstillinga vil vere opa kvar dag fram til og med laurdag 5. oktober.
Det var i 2002, altså for meir enn 20 år sidan Surnadal kunstforeningen arrangerte den første jurierte utgåva av «Lauvfall» i galleri Finstuå på kulturhuset, same år som kulturhuset vart offisielt opna. Det var kjekt for kunstforeininga å få tilgang til eit fast galleri, etter mange år utan fast utstillingslokale.
– «Lauvfall» markerte difor ei ny satsing for kunstforeningen, der dei engasjerte profesjonelle til å være «jury»,
seier Mette Sæter Ormset i styret for Surnadal kunstforening. – De første årene arrangerte vi Lauvfall hvert år, men vi så snart at denne utstillinga var veldig arbeidskrevende, så vi har nå landet på annethvert år. Dette er den 15. «Lauvfall»-utstillinga», opplyser ho.
«Lauvfall» – ein populær møteplass
«Lauvfall» har etter kvart utvikla seg til å bli ein populær møteplass både profesjonelle kunstnarar og
amatørar som er knytte til Møre og Romsdal. No er det også opna for andre for å melde seg på,
så no kjem det påmeldingar frå heile landet.
Denne haustutstillinga er eit stort løft for Surnadal kunstforening, og dei gler seg over all den positive
responsen dei får ved å dra i gang dette prosjektet. Det er tydelg at det er behov for ei juryert utstilling
også på våre trakter.
Juryen for utstillinga har i år bestått av Knut Løvås og Ane Vik Eines, og av dei 45 håpefulle som til saman sendte inn 129 arbeid i ulike teknikkar, var det altså 18 som vart antekne, med eitt eller fleire arbeid.
– Vi har hatt stor oppslutning i år, med flere påmeldte enn sist vi arrangerte, i 2022. Samtidig er det et
trangt nåløye å slippe gjennom, for de som blir antatt. Og slik må det være, det er ekstra stas å bli
antatt av en profesjonell jury, seier Ormset.
Kulturdirektøren i fylket kjem og opnar utstillinga
– Vi håper mange finn vegen til galleri Finstuå lørdag 21. september. Det blir åpning ved
kulturdirektør i Møre og Romsdal, Heidi-Iren Wedlog Olsen. Lokalt musikkinnslag av Ida Mo og
Johanne Holten vil også sette stemninga under åpninga, så dette blir en flott ettermiddag du ikke må gå glipp av, avsluttar Omrset.