Nordvik Grendalag og Todalen historielag inviterer til kulturvandring på Nordvik laurdag 14. juni klokka 12:00. Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske og Anna Ingeborg Nordvik med fleire, vil vere lokale guidar.
Kulturvandringa tek til ved Nordvik forsamlingshus og går nedover boligfeltet på øygarden og ned til sjøen. Her vil Sven Olav fortelje om dei arkeologiske utgravingane som har vore gjort i samband med utbygginga av bolig- og hyttefeltet.
Turen går så langs sjøen til Isak- og Tørsetbakken, og tilbake til forsamlingshuset.
Etter kulturvandringa er det samling i forsamlingshuset. Her vil Todalen historielag vise historiske bilete frå Nordvik, medan Nordvik Grendalag sel kaffe og kaker.
Nordvik Grendalag og Todalen histoielag ønsker alle velkomne på kulvandring!