Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til kulturvandring på Kvennset

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. mai 2018

Laurdag er det duka for siste etappe på kulturvandringa på Kvennset, og det er Todalen historielag som er arrangør, fortel John Moe som er leiar i historielaget.  Kulturvandringa både startar og sluttar på Bordholmen, og her blir det kaffepause etter at kulturvandringa er fullført.

Vandringa startar frå bordholmen kl 12.00, og går nedover mot Halsabrua og vidare oppover attmed elva og forbi Bruvollen til Austigarden. Vidare utover Kvennsetgarden til butikken og rundt Talgø og avsluttar turen på Bordholmen. Folk frå dei forskjellige gardane blir med for å formidle historia.

Ta med høveleg turmat og drikke, oppfordrar Todalen historielag som er arrangør.

 

Først publisert: 22. mai 2018, 09:00 - Sist oppdatert: 26. mai 2018, 15:54