Laurdag kl 14 inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Kvennset. Kvennsetgarden har mykje å by på, vi kan berre nemne både gammelt og nytt kraftverk, settefiskanlegg, møbelindustri og historia om gamle sommarfjøs på Kvennsetøran.
Den historiske vandringa startar med oppmøte i Todalshaugen, for så å starte med det gamle Rossåverket og Rossåfossen, før ein fortsett med det nye Råssåfoss Kraftverk. Vidare vil ein «arbeide seg» innover kvennsetgarden, via Sissigrenda – så langt som ein kjem. Kjentmenn på turen blir Johan T. Hals og Gudmund k. Kvendset.
Publikum blir oppfordra til å ta med seg eiga niste for turen, men kaffe og saft det spanderer historielaget. Alle er velkomne til å bli med på historisk vandring, melder Todalen historielag.