Todalen historielag inviterer til kulturvandring søndag 25. mai. Denne gongen er det Jonhagan, Trøinn og nedover langs Toåa på nordsia som står på programmet. Det er start frå Ungdomshuset kl 12. Etterpå er det samling i Ungdomshuset igjen, og her vil det bli lysbilde og historier om plassane som vi har vandra forbi. Her blir det salg av bacalao med tilhørande kaffe etterpå.
Historielaget har kvart år hatt bra deltaking på sine kulturvandringar. Tidlegare har det vore kulturvandring på Todalsøra og i Brusetmarka. Det er stor interesse for å oppdatere og supplere kunnskapen om vår gamle bygdehistorie og erfaringsvis kjem det fram mykje opplysningar og historier om dei plassane som blir besøkt, fortel John Moe som er ledar i historielaget.
Vandring går altså om Jonhagan, over Lauvåa nedafor Lauåsskogan, vidare om Bønnavollan ned til Toåa, gjennom Slottøya om Tømmermelhølen ned til Båthølen,om Husbytrøinn og stien om Kvennsetøyan, Midtbø og Skortinn. retur til Ungdomshuset til fots eller pr bil.