Laurdag kveld inviterer Todalen sokneråd til tradisjonell konfirmasjonsfest i Todalen ungdomshus. Arrangementet startar med festmiddag kl 19.00, og fortsett med kaffe og underhaldning etterpå. Denne kvelden er konfirmantjubilantane frå 1965 og neste års konfirmantar spesielt invitert, men alle som har lyst er velkomne til å delta på festa, melder soknerådet.
Søndag blir det hausttakkefest i Todalen kyrkje, der jubilantane er spesielt inviterte til å delta. Gudstenesta startar kl 11. Det blir takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.