Stangvik Grendalag inviterer til «Kafékonsert» laurdag 2. september klokka 20:30. Da kjem Ila strykeband på besøk til Bondehuset i Stangvik, og det er fri inngang. Dei har for anledninga med gjesteartistane Sigrid Vetleseter Bøe, Trygve Brøske, Nina Jori Pedersen, Øyvind Engen og Jo Inge Nes.
Dørane opnar klokka 19:30. Da er det sal av kaffe og kaker.
Stangvik Grendalag ønsker alle velkommen til Bondehuset og «Kafékonsert»!